Author Archives: benv

Referat frå møte i Stip-HF 21.1.15 (referat frå møtet 11.12 nedst)

Orientering og diskusjon: Evaluering av forskargrupper og forskarskular

Guro orienterte om arbeidsgruppa som evaluerer forskargrupper og forskarskular ved LLE og IF. Rapporten frå arbeidsgruppa er rett rundt hjørnet. Stip-HF vil koma med høyringssvar når rapporten blir sendt ut på høyring. Me diskuterte at eit minimumskrav bør, etter vår meining, vera at alle stipendiatar skal ha eit (friviljug) tilbod om tilhøyre i ei forskargruppe eller ein forskarskule.

Evaluering av VITHF900

STIP-HF skal møta fagansvarlege for VITHF900 på tysdag 27.1. Trass i noko kritikk var emnet evaluert som ok+ i evalueringa STIP-HF hadde av emnet. Det som har kome fram av kritikk vil bli formidla til dei fagansvarlege.

VITHF900 blir evaluert på lik linje med andre fag UiB tilbyr. Rapportar frå evalueringar av faget VITHF900 skal liggja ute på kvalitetsbasen.app.uib.no, men dei ligg ikkje der per dags dato. Dette vil bli nemnd for fagansvarlege på møtet.

Møte STIP-HF med val 30.1.

På allmøtet 30.1 blir det arranget val av nytt stipendiatutval.

Registrering av deltakarar på arrangement i regi av STIP-HF

Er det tilfelle at ein må registrera deltakarar på arrangementa i regi av Stip-HF? Kan registreringa vera problematisk i somme tilfelle? Me vil avklara kravet om registrering med fakultetet.

Høyringar i saker som er relaterte til stipendiatar

Stip-HF er stipendiatane sin interessseorganisasjon. Me ynskjer ein praksis der Stip-HF alltid blir invitert til å koma med høyringar i saker som har med stipendiatar å gjera.

 

Referat frå møtet i Stip-HF 11.12.14
Til stede: Pål, Terje, Knut (Sek.) og Guro

–   Pål orienterer om julelunsj
–   Møte med SVT
–   Allmøte fredag 30. januar
–   Diskuterte tilbudet av overførbare ferdigheter. Reist spørsmål om prioriteringer og gjennomføringer.

Referat frå møte i STIP-HF fredag 14.11

Tilstede: Terje, Pål, Guro, Knut (Sek.), Benedikte

1.  Veiledende retningslinjer for fremgangsmåten ved utlysning, bedømmelse og tilsetting i stipendiatstillinger ved Det humanistiske fakultet

Diskusjon av høringssaken. Hovedpunkt i diskusjonen:

  • Det er uklart hva dokumentet er: om det skal vise hvordan man gjør det, eller hvordan man kan gjøre det.
  • Er dokumentet en beskrivelse av hvordan situasjonen er, eller et forsøk på å forandre og strømlinjeforme? Praksisen på instituttene rundt søknadsprosessen er per i dag ulik.
  • Tentative formuleringer som “hensiktsmessig” og “der dette er rimelig” bør konkretiseres.
  • Punkt 5: Inn med instituttleder, eller setteinnstituttleder (i tilfelle habilitetet).
  • Hvorfor skal dekanen oppnevne sakkyndig komité? Er det bra bruk av dekanens tid?
  • Det bør være samsvar mellom vurderingsskjemaet og beskrivelsene i hovedteksten.
  • At det tilhørende skjemaet er gjort enklere er bra, men hvordan skal det operasjonaliseres?
  • Er forskningsetikk et ja eller nei, eller kan det være svakt, godt, meget godt?
  • Formidling: Forventes det ingenting, eller er det et minus/pluss?
  • Fakultetet / instituttet bør forplikte seg til tidsfrister ovenfor søkere:

–   Avslag meldes på epost innen tre måneder, begrunnelse kan komme senere
–   Trenger ikke være mer enn en epost
–   Over tre måneder: søkere skal ha beskjed

2. Vitenskapsteori

–   Terje presenterer sammenfatning av undersøkelsen.
–   Stip-hf bestemmer seg for å ha et møte med emneansvarlige

3. Eventuelt

–   Stipendiathjemler på fakultet
–   UiB strategi, hvordan engasjere?
–   HF-strategi? 
–   Julelunsj den 11. desember.

Startdag for nye ph.d.-kandidater 2014

Onsdag 23. oktober ble det arrangert startdag for nye ph.d.-kandidater ved Det humanistiske fakultet i Bergen. Seks nye kandidater og to veiledere deltok på seminaret på Hotel Holberg i Strandgaten, hvor prodekan for forskning Einar Thomassen og fakultetsdirektør Trine Moe ønsket velkommen.

På seminaret presenterte representanter fra fakultetet og instituttene forskerutdanningsløpet. De oppmøtte fikk særlig informasjon om opplæringsdelen av forskerutdanningen ved UiB. Rasmus Slåttelid fra SVT fortalte om kurset i vitenskapsteori, og det ble presentert tre kurs i overførbare ferdigheter – bibliotekets forskningsoversiktskurs, universitetspedagogikk for stipendiater og Josie Dixons kurs i akademisk skriving på engelsk. De formelle sidene ved forskerutdanningsløpet ble også diskutert, med utgangspunkt i dokumentasjonskrav, årsrapportering og pliktarbeid. Stip-HF var som medarrangør også til stede og presenterte seg og sitt.

Seminardelen av startdagen ble avsluttet med en panelsamtale om veiledning. Et panel bestående av veilederne Roger Strand (SVT), Håkan Rydving (AHKR) og Åse Johnsen (IF) og de nylig disputerte doktorene Bjørnar M. Vik (AHKR) og Anders M. Gullestad (LLE) diskuterte veiledning med hverandre og de oppmøtte, kyndig moderert av Knut Melvær (Stip-HF).

De fremmøtte ga i etterkant uttrykk for at de hadde hatt godt utbytte av startdagen. Det var litt få deltakere sammenlignet med tidligere år, men dette har sammenheng med at det har vært relativt få nyansettelser det siste året. Startdagsutvalget diskuterte på forhånd også hvordan ikke-norskspråklige ph.d.-kandidater kunne integreres i startdagen, men dessverre var det bare norskspråklige kandidater som meldte seg på.

Stip-HF arrangerte på kveldstid middag for de nye ph.d.-kandidatene på Finnegaardsstuene, hvor prodekan Einar Thomassen også var med.

Terje Breigutu Moseng

Programmet for startdagen kan leses her.

Referat frå møtet i STIP-HF 17.10.2014

  1. På møtet i STIP-HF gjekk me gjennom tilbakemeldingar på kurset VITHF900 som stipendiatane har gitt oss gjennom den anonyme spørjeundersøkinga tidlegare i år. Me kom fram til at det mest konstruktive vil vera å skriva ein rapport og å invitera kurshaldarane på VITHF900 til å snakka om det som kjem fram i undersøkinga.
  2. Vidare snakka me om at forskarskulane og forskargruppene ser ut til å fungera i svært ulik grad mellom institutta og frå eining til eining. Samstundes kjem det fram i UiB sin handlingsplan for forskarutdanninga at Ph.d.-kandidatane skal knytast til faglege fellesskap i forskingsgrupper og at alle bør bli gitt tilbod om å delta i forskarskular. For å finna ut meir om kva tilhøyre stipendiatane har til forskargrupper og forskarskular har me sendt ut eit spørjeskjema til alle HF-stipendiatar.
  3. Pliktarbeid. Er det ok at det per i dag ikkje finst retningsliner for kva som skal reknast som pliktarbeid og ikkje? Slik situasjonen ser ut i dag definerer og utfører stipendiatar pliktarbeid i svært ulik grad. Dette fører til at somme faktisk får meir tid til å jobba med avhandlinga si enn andre. Kva er grunnen til at det blir sånn?
  4. Det blir utarbeidd ei ny rettleiing for vurdering av søknader på stipendiatstillingar. Inga orienterte om framdrifta i dette arbeidet.

Referat frå møtet i STIP-HF 22.8.2014 / Summary: STIP-HF meeting on Aug 22, 2014

ENGLISH BELOW

1 Tilbakemeldingar frå stipendiatane på VITHF900

Det har kome inn tilbakemeldingar frå 40 kandidatar på undersøkinga av emnet i vitskapsteori. Terje og Benedikte presenterer svara på neste møte.

2 Kurs i universitetspedagogikk

Det blir kurs i universitetspedagogikk med oppstart i haust. STIP-HF ventar på avklaring av dei siste detaljane, og vil senda ut e-post med informasjon om kurset ut til alle stipendiatane så snart me har fått dette frå HF-sekretariatet.

STIP-HF er interessert i å finna ut om det eksisterer ein oversikt over kor store dekningsbehov det er for kurs i overførbare dugleikar dei neste åra ved HF. Det er òg ynskjeleg å få ein oversikt over korleis registrering av kurs i overførbare dugleikar går føre seg: kven har ansvar, og når skjer denne registreringa?

3 Iranske stipendiatar: Korleis skal STIP-HF forholda seg til deira stilling?

STIP-HF vil jobba med å formulera ei ytring i denne saka.

4 Sosiale arrangement

Den spontane sosiale samlinga i sommar vart godt motteken. Hausten 2014 vil me prøva å arrangera lunsjmøte med ein invitert gjest. Nærare informasjon vil koma.

5 Startdagen

Det blir startdag for nye stipendiatar 23. oktober. Der vil STIP-HF presentera seg for dei stipendiatane som har starta opp det siste året.

6 Høring: endringar i administrativ bemanningsplan

Knut skriv eit utkast til svar på høringa.

7 Eventuelt

Det er allmøte 27. august kl. 10 om HF sin strategi. Me oppmodar alle stipendiatar til å koma.

Neste møte i STIP-HF blir fredag 17. oktober.

 

1 Feedback on VITHF900

40 PhD candidates have provided feedback on VITHF900. At the next meeting, Terje and Benedikte will present the results.

2 Course in University pedagogics

There will be a course in university pedagogics starting this autumn. STIP-HF awaits clarification of the last details, and we will send out information about the course to all candidates as soon as we have received this from the Secretary.

STIP-HF also wants to find out whether there exists some overview of need of coverage in the area of courses in transferrable skills during the next years at the Faculty of Humanities. We also wish to get an overview of how the registration of courses in transferrable skills is done: who has the responsibility for the registration and when does the registration happen?

3 Iranian PhD candidates: How should STIP-HF relate to their position?

STIP-HF will work on a statement.

4 Social events

The spontaneous event this summer was well received. This autumn, we will try to arrange a lunch meeting with an invited guest. More information to come.

5 The start-up day

The start-up day for new PhD candidates is on October 23. STIP-HF will present itself for the new PhD candidates.

6 Høring: changes in the administrative staff plan

Knut will write a sketch for a reply.

7 Misc

There is a general meeting on August 27, at 10, where the strategy of the Department of Humanities will be discussed. We encourage all PhD candidates to be present.

The next meeting in STIP-HF is on October 17.

Referat frå møtet i STIP-HF 16.6.2014

Til stades: Terje Moseng, Pål B. Svenungsen, Guro Sandnes, Knut Melvær, Benedikte Vardøy (sekretær)

Saker:

  • Referat frå møte med dekan ved HF, Margareth Hagen, og prodekan for forsking, Einar Thomassen 12. juni. Sakene me tok opp med dekanatet var fylgjande:
  1. Me presenterte undersøkinga av rettleiingstilhøva til stipendiatane ved HF. Dekanatet sa at dei ville ta rapporten til fylgje, og oppmoda oss til å senda rapporten til instituttleiarar og forskingsleiarar ved dei ulike institutta. Dette vart gjort fredag 13. juni.
  2. STIP-HF bemerka at det er uklårt kva rolle FFU skal spela på instituttnivå, og etterlyste ei avklaring av dette.
  3. STIP-HF kommenterte at det einaste emnet i overførbare dugleikar som ligg klårt til hausten er eit kurs i regi av universitetsbiblioteket. Per dags dato føreligg det ikkje eit tilbod om kurs i universitetspedagogikk, som det var tilbod om førre haust. Dekanatet ved Thomassen vil undersøkja om det er mogleg å få til eit kurs i universitetspedagogikk, eller eventuelt eit anna tilbod, i tillegg til kurset i regi av universitetsbiblioteket, no til hausten. På lengre sikt er det planlagt å tilby fleire ulike emne i overførbare dugleikar.
  4. Dekanatet vil ha eit allmøte med stipendiatane i august, for å diskutera utforminga av ein strategi for HF. Det vil koma ein invitasjon frå STIP-HF til dette møtet så snart tid og stad er avklart.
  • Emnet i overførbare dugleikar, og forskarutdanninga generelt, vart eit diskusjonsemne på dagens møte i STIP-HF. Er tilbodet godt nok? Kan noko gjerast annleis? Det vart meldt usikkerheit i om emnet VITHF900 har blitt evaluert. STIP-HF vil senda ut eit eige uformelt evalueringsskjema til stipendiatane, for ha bakgrunn til å kunna gje innspel om dette på fyrste møte i FFU til hausten. Me oppmodar stipendiatane til å delta i evalueringa.

Rapport om rettleiingsundersøkinga 2014

I april utførte STIP-HF ei undersøking av korleis stipendiatane ved HF opplever sin eigen rettleiingssituasjon. 101 personar, det vil seia 52 % av dei aktive stipendiatane ved HF, svarte på undersøkinga. Resultata kan du lesa her:

In April, STIP-HF did a study on the ph.d. candidates’ experience of their own supervision situation. 101 persons, e.g. 52 % of the active candidates at the Faculty of Humanities, answered the survey. The results can be found here:

Hvor fornøyd er ph.d.-kandidater ved HF med veiledningssituasjonen?

How pleased are PhD candidates with supervision?

Referat frå møtet i STIP-HF 28. april 2014

Til stades: Terje Moseng, Pål B. Svenungsen, Guro Sandnes,  Knut Melvær, Benedikte Vardøy (sekretær)

1. STIP-HF kjem til å publisera ein rapport om rettleiingsforholdet i laupet av veka, basert på svar på den anonyme spørjeundersøkinga om emnet som har vore distribuert blant stipendiatane dei siste vekene. Rapporten vil bli publisert på STIP-HF sine sider, og me skriv ei sak til På høyden.

2. FFU og fakultetsstyret treng nye representantar frå gruppe B. Pål og Inga har sagt seg viljuge til å stilla til FFU og Benedikte stiller til fakultetsstyret.

3. STIP-HF vil arrangera ei uformell samling på Ad Fontes, Muntlig eller Kvarteret som semesteravslutning. Tentativ dato for denne samlinga er 28. mai kl 18. Meir informasjon er i kjømda.

Referat frå møte i STIP-HF 21.2.2014

Til stades: Terje Moseng, Pål B. Svenungsen, Guro Sandnes, Inga H. Undheim, Knut Melvær, Benedikte Vardøy (sekretær)

  • På møtet i STIP-HF diskuterte me ei spørjeundersøking om rettleiingsforholdet. Knut lager eit utkast til spørjeundersøkinga, og i laupet av våren skal me senda denne ut til alle stipendiatane på HF.
  • Magnus Halsnes kom og fotograferte oss.