Author Archives: benv

Stip-HF meeting on November 23

Present: Sara Kohne (leader), Anna Watson, Guro Sandnes, Terje B. Moseng, Alexandros Tsakos. (Benedikte Vardoy arrived at the end of the meeting).

The main topic for the Stip-HF meeting on November 23 was the draft for the new Strategy of the Faculty of Humanities 2016-2020. Among other things, we discussed how the current economic situation on the Faculty would affect the practical implications of the Strategy.

We also agreed to host a Christmas lunch for the ph.d. candidates in December. Further information will be sent to ph.d. candidates by e-mail.

Referat frå møte i Stip-HF 12.8

Møtet begynte med besøk av den nye representanten for gruppe B i universitetsstyret, Synnøve Fluge. Fluge orienterte om strukturen på universitetsstyret og om handsaming av høyringsdokumentet om endringar i universitets- og høgskulelova. Vidare orienterte ho om møtet mellom representantane for gruppe B i dei ulike fakultetsstyra. Gruppe B-representantane planlegg å samlast regelbunde for å sikra kommunikasjon på tvers av fakulteta og i universitetsstyret. Deira neste møte blir i oktober. Om ein har innspel til universitetsstyret som medlem av gruppe B kan ein spela inn desse anten direkte til Fluge eller via fakultetsstyrerepresentantane.

Noko kanskje ikkje alle stipendiatar er klar over er at det finst ein nasjonal stipendiatorganisasjon, SiN. HF er det einaste fakultetet som har eit lokalt organ for stipendiatar, Stip-HF, og UiB er ikkje tilknytt SiN. På møtet diskuterte me om det kan vera behov for å bli tilknytt SiN og om stipendiatane på UiB utanom HF burde organisera seg.

Me vil gjera nokre endringar i statuttane for Stip-HF og omsetja dei til engelsk. Dette vil bli presentert på eit allmøte seinare i semesteret.

Det vil i haust bli gjennomført ei ny kort undersøking av rettleiingsforholda på dei ulike institutta. Denne vil bli distribuert på epost til stipendiatane og me håper at mange vil delta.

Samandrag frå allmøtet og dekanatlunsjen 5.6. // Summary: General meeting & Stip-HF’s lunch with the decanate

ENGLISH BELOW

Fredag 5. juni hadde Stip-HF lunsjmøte med dekanatet. Hovudsakene på dette møtet var utkastet til HF sin strategi for 2016-2022 og dei føreslåtte endringane i universitets- og høgskulelova frå KD.

På allmøtet heldt diskusjonen om endringane i denne lova fram blant stipendiatane, og representantar for Forskerforbundet og NTL la fram sine synspunkt på endringane som gjeld stipendiatar si tenestetid.

Me arbeider med eit tilsvar på høyringa om HF sin strategi for 2016-2022. Takk på førehand for alle forslag og kommentarar de måtte ha (send oss ein epost).

On Friday June 5 the PhD candidate board Stip-HF met with the decanate for lunch. The main issues discussed on the lunch meeting were the draft for the Faculty of Humanities’ strategy for the time period of 2016-2022, as well as the proposed changes in the law on universities and university colleges in Norway from the Department of education.

At the general meeting the discussion of the proposed changes in this law went on among the PhD candidates, and representatives from Forskerforbundet and NTL contributed with their viewpoints as well.

We are working on a response on the Faculty’s proposal for a new strategy. Any suggestions and comments to this response are very welcome. The document is in Norwegian, and if you are not able to read it, please contact us for a summary and/or discussion.

Referat frå ekstraordinært møte 22.4 / Summary of the STIP-HF extraordinary meeting 22.04.2015

Stip-HF hadde møte 22.4 for å snakka om korleis det går på runden på institutta og sentra der me snakkar med stipendiatane om deira situasjon. Ikkje alle har fått besøk enno, men så langt har det kome gode innspel til Stip-HF. Her er noko av det som har kome fram til no:

  • Det er ikkje alle stipendiatane som får all den informasjonen dei skal ha. Terje og Sara sit i startdagskomiteen og vil ta opp korleis ein får ut den informasjonen som stipendiatar treng ved oppstart på ein ryddig måte. Til dømes: kven jobbar med kva ved fakultetet og institutta/sentra, kor ein finn informasjon om det å skriva reiserekning, innkjøp av bøker.
  • Me skal sjå på moglegheitene for å arrangera ein stipendiatkonferanse på tvers av institutt og senter, dersom det er interesse for dette blant stipendiatane.

Summary of the STIP-HF extraordinary meeting 22.04.2015

We evaluated our visits at the different centres and institutes at the Faculty where we talked with several PhD candidates about their situation and special needs or wishes. We haven’t managed to visit all institutes/centres by now. But we already have got some interesting contributions that open up further discussions:

  • Not all PhD candidates get all the information they should have. Terje and Sara, who are on the committee for planning the “Startdagen” for new PhD fellows, will take up the issue of how the dissemination of relevant information can be more clear and organized. For example: Who is working with what at the faculty as well as at the institutes/centres? Where to get information about how to register a travel, how to purchase of books etc.
  • We will see if there are possibilities to arrange a PhD conference across the different institutes/centres of the faculty, if there is an interest for that among the PhD candidates.

Referat frå møte i Stip-HF 4.3

1. Høyringssak om opplæring av rettleiarar innan forskarutdanninga ved HF

STIP-HF formulerer eit høyringssvar der me legg vekt på at det er behov for opplæring av rettleiarar på alle institutt og senter, og at denne opplæringa blir obligatorisk for alle rettleiarar.

2. Plan for kontakt med stipendiatane rundt omkring

Dei som har ansvar for dei ulike einingane (etter avtale) tek kontakt med stipendiatane.

3. Dekanatlunsjen: saker

  •  Kva gjer dei for å få kurs i overførbare dugleikar til neste år? Kva legg dei i «overførbare dugleikar»?
  • Visjonar for forskarskular og forskarutdanning: Korleis tenkjer dekanatet?
  • Pliktarbeid (med fokus på undervisningsdelen). Opplæring før og under undervisning, ansvar på faget: kva gjer ein for å sikra at stipendiatane har noko opplæring i dette? Undervisning: Er det mogleg å få større faktor for rettearbeid, sensur, undervisning?

4. Forskarutdanning

Det ser på LLE ut til å vera ei forståing for at ein ikkje skal leggja ned forskarskulen i språkvitskap og filologi. Anne skal på møte i FFU på fakultetet, og vil mellom anna spørja om det finst ein langsiktig plan for kurs i obligatoriske dugleikar, og meir spesielt kva opplegget er til neste år.

4. Akademisk skriving

Terje skriv til akademisk skrivesenter og spør om det finst noko opplegg for stipendiatar.

5. Stip-HF som høyringsinstans på fakultetet

Teke opp i fakultetsstyret.

6. Eventuelt

Lønningspils: flytta det til torsdagar eller fredagar etter lønning. Neste STIPENDIATpils: 20. mars

Neste møte 4. mai

Summary of the STIP-HF meeting 5.2.2015 (shorter version in English)

Sara Kohne, Jan Jacob Hoffmann, Anna Watson, Terje Breigutu Moseng, Guro Sandnes, Benedikte Fjellanger Vardøy.

1. New board

Sara was chosen as the leader of STIP-HF. Benedikte was chosen to be the secretary.

2. Statutes

Certain parts of the STIP-HF statutes are unclear, or are not followed as per today. A working group (Jan Jacob, Terje and one external PhD candidate) will suggest amendments to the statutes and there will be a general meeting to discuss this.

3. Responsibilities in STIP-HF

Lønningspils (social get-togethers): Guro
Social get-togethers at the end of each semester: all members of STIP-HF
E-mail list (to be closed for non-members): Benedikte and Terje.
Updates on issues concerning the PhD education at the faculty: Anna
Economy: Sara

4. Plan for contact with PhD candidates at the institutes/centres

STIP-HF will contact the PhD candidates at the different institutes/centres to map their needs and wishes. Who will contact you? See below:

FOF & AHKR: Terje and Sara
SKOK, LLE & SVT: Jan Jacob and Anna
IF & Griegakademiet: Guro and Benedikte

5. Lists of participants at STIP-HF events

Benedikte/Sara will look into the guidelines for faculty sponsored STIP-HF events.

6. Academic writing and courses in transferrable skills

Is there a need for a course on academic writing at PhD level? Could the academic writing centre be contacted?

We will talk to the deans about the general routines for offering courses in transferrable skills.

7. Lunch with the deanery

Sara will propose a lunch with the deanery.

8. PhD education

Anna will contact the delegates from group B before the FFU meeting at LLE on Monday 9.2, in order to ensure that PhD candidates are being heard, as PhD education will be discussed at this meeting.

The faculty should know where they are heading with the PhD education.

 

Jan Jacob and Anna volonteered to represent group B in the FFU at Faculty level. Terje: alternate member.

We decided to translate the new STIP-HF statutes (which will be discussed at a general meeting) into English.

STIP-HF shall distribute summons and summaries to all PhD candidates through e-mail.

We also discussed matters concering the home page as well as digital signatures for STIP-HF.

Referat frå møte i STIP-HF 5.2.2015

Referat frå møte i STIP-HF 5.2.2015

Til stades: Sara Kohne, Jan Jacob Hoffmann, Anna Watson, Terje Breigutu Moseng, Guro Sandnes, Benedikte Fjellanger Vardøy.

1. Konstituering av nytt styre

Sara vart vald til leiar.
Benedikte vart vald til sekretær.

2. Gjennomgang av vedtekter

Det er fleire punkt i vedtektene som er problematiske (uklåre) eller som ikkje blir følgte. Me set ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom vedtektene i laupet av semesteret og fremja forslag til endringar på eit allmøte. Arbeidsgruppa vil bestå av Jan Jacob, Terje og ein person utanfrå.

3. Ansvarsområder innad i styret

Lønningspils: Guro
Sosiale arr på slutten av semesteret: alle medlemmane
E-postlista (blir lukka for andre enn medlemmane): Benedikte og Terje.
Oppdateringar i saker som gjeld forskarutdanninga ved fakultetet: Anna
Økonomi: Sara

4. Plan for kontakt med stipendiatane rundt omkring

STIP-HF vil ta ein runde på dei ulike institutta og sentra for å få betre kontakt med stipendiatane og finna ut kva ynskje og behov dei har. Me har delt oss i tre grupper som har ansvar for 2-3 einingar kvar:

FOF og AHKR: Terje og Sara
SKOK, LLE og SVT: Jan Jacob og Anna
IF og Griegakademiet: Guro og Benedikte

Det vil bli sendt ein fellesmail om dette til stipendiatane på HF i laupet av februar.

5. Deltakerlister ved arrangementer i Stip-HF-regi

Benedikte/Sara avklarer retningslinjer for bruk av pengane til STIP-HF med fakultetet.

6. Akademisk skriving

Er det behov for nytt kurs i akademisk skriving på doktorgradsnivå? Kan det akademiske skrivesenteret brukast til kurs i akademisk skriving? Dersom skrivesenteret blir involvert i kurs kan det verta lettare å ta kontakt ved individuelle behov seinare.

Me vil ta ein gjennomgang med dekanatet om kva dei har gjort for å rutinisera kurs i overførbare dugleikar.

7. Dekanatlunsj

Terje orienterer om korleis lunsjane med dekanatet har fungert. Leiar sender e-post til Einar og Margareth for å avtala dato for lunsj.

8. Forskerutdanning – førebuande til møte på LLE 9.2 men òg generelt

I FFU-møtet på LLE 9.2 skal ein diskutera forskarutdanninga, og STIP-HF er usikre på om stipendiatane blir høyrde i denne saka. Per i dag er det ingen kontakt mellom stipendiatane (gruppe B-representantane) i utvalet på LLE og stipendiatane elles. Anna tek difor eit møte med gruppe B-representantane i FFU på LLE i forkant av møtet på måndag.

Forskarskular og forskargrupper generelt: Me ynskjer å lyfta diskusjonen til fakultetsnivå. Fakultetet må ha ein idé om kvar dei vil hen med forskarutdanninga.

9. Undervisningsopplæring før undervisning

10. Overførbare ferdigheter

11. Internasjonalisering

12. STIP-HF som høyringsinstans på fakultetet

13. Eventuelt

STIP-HF skal, i fylgje vedtektene, «brukes som forslagsstiller i styrer, råd og utvalg på fakultetsnivå som trenger PhD-kandidater, men uten at de velges gjennom ordinære valg. Jan Jacob og Anna stiller som nye representantar i FFU på fakultetet. Terje stiller som vara. Anna tek kontakt med ein potensiell andre vara.

Språk i STIP-HF: vedtektene skal omsetjast til engelsk.

Ny praksis: STIP-HF vil senda ut møteinnkalling og møtereferat på e-post til alle stipendiatar.

Signatur: Benedikte utformar STIP-HF-signatur med lenkje til nettsida og facebook-gruppa.

Heimesida: det skal leggjast ei lenkje til HF si side for stipendiatar på STIP-HF si nettside, for å gjera det enklare for stipendiatar å finna informasjon.

Sak 9, 10, 11 og 12 vart flytta til neste møte i STIP-HF.

Allmøte og val i Stip-HF 30.1.15

30.1 vart det gjennomført allmøte og val til Stip-HF.

Sak 1: Terje presenterte årsmeldinga til Stip-HF.

Sak 2: Val. Det stilte 7 kandidatar til 6 plassar. Nytt Stip-HF for 2015 består av Sara Kohne (AHKR), Anna Watson (LLE), Jan Jacob Hoffmann (IF), Guro Sandnes (IF), Terje Breigutu Moseng (AHKR) og Benedikte Fjellanger Vardøy (IF). Takk til avgåande medlemmar, og lukke til til nye!

Sak 3: Anna Watson orienterte om møte i den nasjonale forskarskulen TBLR, der ho vart beden om å delta på vegne av stipendiatane. Konferansen som var planlagt i Rio de Janeiro har blitt avlyst, men det er planar om ein ny konferanse i New York i mai i år.

Sak 4: Det kom eit par forslag til saker for nye Stip-HF:

– Forenkla prosessane rundt cotutelle-grader

– Undervisning som inngår i PhD-graden: Det blir venta at ein skal undervisa utan undervisningserfaring. Kva kan ein gjera for å førebu kandidatane til dette arbeidet?