Referat frå møte i STIP-HF 5.2.2015

Referat frå møte i STIP-HF 5.2.2015

Til stades: Sara Kohne, Jan Jacob Hoffmann, Anna Watson, Terje Breigutu Moseng, Guro Sandnes, Benedikte Fjellanger Vardøy.

1. Konstituering av nytt styre

Sara vart vald til leiar.
Benedikte vart vald til sekretær.

2. Gjennomgang av vedtekter

Det er fleire punkt i vedtektene som er problematiske (uklåre) eller som ikkje blir følgte. Me set ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom vedtektene i laupet av semesteret og fremja forslag til endringar på eit allmøte. Arbeidsgruppa vil bestå av Jan Jacob, Terje og ein person utanfrå.

3. Ansvarsområder innad i styret

Lønningspils: Guro
Sosiale arr på slutten av semesteret: alle medlemmane
E-postlista (blir lukka for andre enn medlemmane): Benedikte og Terje.
Oppdateringar i saker som gjeld forskarutdanninga ved fakultetet: Anna
Økonomi: Sara

4. Plan for kontakt med stipendiatane rundt omkring

STIP-HF vil ta ein runde på dei ulike institutta og sentra for å få betre kontakt med stipendiatane og finna ut kva ynskje og behov dei har. Me har delt oss i tre grupper som har ansvar for 2-3 einingar kvar:

FOF og AHKR: Terje og Sara
SKOK, LLE og SVT: Jan Jacob og Anna
IF og Griegakademiet: Guro og Benedikte

Det vil bli sendt ein fellesmail om dette til stipendiatane på HF i laupet av februar.

5. Deltakerlister ved arrangementer i Stip-HF-regi

Benedikte/Sara avklarer retningslinjer for bruk av pengane til STIP-HF med fakultetet.

6. Akademisk skriving

Er det behov for nytt kurs i akademisk skriving på doktorgradsnivå? Kan det akademiske skrivesenteret brukast til kurs i akademisk skriving? Dersom skrivesenteret blir involvert i kurs kan det verta lettare å ta kontakt ved individuelle behov seinare.

Me vil ta ein gjennomgang med dekanatet om kva dei har gjort for å rutinisera kurs i overførbare dugleikar.

7. Dekanatlunsj

Terje orienterer om korleis lunsjane med dekanatet har fungert. Leiar sender e-post til Einar og Margareth for å avtala dato for lunsj.

8. Forskerutdanning – førebuande til møte på LLE 9.2 men òg generelt

I FFU-møtet på LLE 9.2 skal ein diskutera forskarutdanninga, og STIP-HF er usikre på om stipendiatane blir høyrde i denne saka. Per i dag er det ingen kontakt mellom stipendiatane (gruppe B-representantane) i utvalet på LLE og stipendiatane elles. Anna tek difor eit møte med gruppe B-representantane i FFU på LLE i forkant av møtet på måndag.

Forskarskular og forskargrupper generelt: Me ynskjer å lyfta diskusjonen til fakultetsnivå. Fakultetet må ha ein idé om kvar dei vil hen med forskarutdanninga.

9. Undervisningsopplæring før undervisning

10. Overførbare ferdigheter

11. Internasjonalisering

12. STIP-HF som høyringsinstans på fakultetet

13. Eventuelt

STIP-HF skal, i fylgje vedtektene, «brukes som forslagsstiller i styrer, råd og utvalg på fakultetsnivå som trenger PhD-kandidater, men uten at de velges gjennom ordinære valg. Jan Jacob og Anna stiller som nye representantar i FFU på fakultetet. Terje stiller som vara. Anna tek kontakt med ein potensiell andre vara.

Språk i STIP-HF: vedtektene skal omsetjast til engelsk.

Ny praksis: STIP-HF vil senda ut møteinnkalling og møtereferat på e-post til alle stipendiatar.

Signatur: Benedikte utformar STIP-HF-signatur med lenkje til nettsida og facebook-gruppa.

Heimesida: det skal leggjast ei lenkje til HF si side for stipendiatar på STIP-HF si nettside, for å gjera det enklare for stipendiatar å finna informasjon.

Sak 9, 10, 11 og 12 vart flytta til neste møte i STIP-HF.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *