Referat frå møtet i STIP-HF 16.6.2014

Til stades: Terje Moseng, Pål B. Svenungsen, Guro Sandnes, Knut Melvær, Benedikte Vardøy (sekretær)

Saker:

  • Referat frå møte med dekan ved HF, Margareth Hagen, og prodekan for forsking, Einar Thomassen 12. juni. Sakene me tok opp med dekanatet var fylgjande:
  1. Me presenterte undersøkinga av rettleiingstilhøva til stipendiatane ved HF. Dekanatet sa at dei ville ta rapporten til fylgje, og oppmoda oss til å senda rapporten til instituttleiarar og forskingsleiarar ved dei ulike institutta. Dette vart gjort fredag 13. juni.
  2. STIP-HF bemerka at det er uklårt kva rolle FFU skal spela på instituttnivå, og etterlyste ei avklaring av dette.
  3. STIP-HF kommenterte at det einaste emnet i overførbare dugleikar som ligg klårt til hausten er eit kurs i regi av universitetsbiblioteket. Per dags dato føreligg det ikkje eit tilbod om kurs i universitetspedagogikk, som det var tilbod om førre haust. Dekanatet ved Thomassen vil undersøkja om det er mogleg å få til eit kurs i universitetspedagogikk, eller eventuelt eit anna tilbod, i tillegg til kurset i regi av universitetsbiblioteket, no til hausten. På lengre sikt er det planlagt å tilby fleire ulike emne i overførbare dugleikar.
  4. Dekanatet vil ha eit allmøte med stipendiatane i august, for å diskutera utforminga av ein strategi for HF. Det vil koma ein invitasjon frå STIP-HF til dette møtet så snart tid og stad er avklart.
  • Emnet i overførbare dugleikar, og forskarutdanninga generelt, vart eit diskusjonsemne på dagens møte i STIP-HF. Er tilbodet godt nok? Kan noko gjerast annleis? Det vart meldt usikkerheit i om emnet VITHF900 har blitt evaluert. STIP-HF vil senda ut eit eige uformelt evalueringsskjema til stipendiatane, for ha bakgrunn til å kunna gje innspel om dette på fyrste møte i FFU til hausten. Me oppmodar stipendiatane til å delta i evalueringa.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *